Plettfasan
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY 3.0

Plettfasan er ein middels stor hønsefugl i fasanfamilien og har naturleg utbreiing i Kambodsja og Vietnam.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Polyplectron germaini
Beskriven av
Elliot, DG, 1866

Vaksne hannar veg rundt 510 gram og hofuglane rundt 400 gram.

Arten er knytt til tørr og fuktig tropisk skog, og tropisk fjellskog. Plettfasan lever av virvellause dyr (invertebratar) og frukt som han finn på bakken.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen eitt egg.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

plettfasan
Polyplectron germaini
Artsdatabanken-ID
174514

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg