Pløsekotinga
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC 4.0

Pløsekotinga er ein fugl i kotingafamilien og ein av dei største sporvefuglane i verda. Arten har naturleg utbreiing i Sør-Amerika.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Gymnoderus foetidus
Beskriven av
(Carl von Linné, 1758)

Vaksne hannar veg rundt 340 gram og hofuglane rundt 220 gram.

Arten er knytt til fuktig tropisk skog, tropisk sumpskog og ulike våtmarkshabitat. Pløsekotinga lever av frukt som han finn i skogen og i buskar.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen eitt egg.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

pløsekotinga
Gymnoderus foetidus
Artsdatabanken-ID
180525

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg