Patagoniaskovleand er ein stor andefugl i andefamilien og har naturleg utbreiing i Sør-Amerika og på spreidde øyar i Sør-Atlanterhavet.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Tachyeres patachonicus
- Beskriven av
- (King, PP, 1831)
Som vaksen er fuglen ca. 70 cm lang, hannfuglar veg rundt tre kilo og hofuglane rundt 2,6 kilo.
Arten er knytt til marin fjæresone (litoralsone), marine kysthabitat og ulike våtmarkshabitat. Patagoniaskovleand lever av virvellause dyr (invertebratar) som han dykkar etter under vatn.
Hekking skjer éin gong i året, og i løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt sju egg som blir ruga ut i løpet av ca. 35 dagar.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.