Påfuglfasan
Av /via Encyclopedia of Life.

Påfuglfasan er ein middels stor hønsefugl i fasanfamilien og finst på Filippinane.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Polyplectron napoleonis
Beskriven av
Lesson, R, 1831

Vaksne hannar veg rundt 440 gram og hofuglane rundt 320 gram.

Arten er knytt til fuktig tropisk skog. Påfuglfasan lever av virvellause dyr (invertebratar) og frukt som han finn på bakken.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen som oftast to egg som blir ruga ut i løpet av ca. 19 dagar. Fuglene blir kjønnsmodne etter to til tre år.

Påfuglfasan lever vanlegvis i rundt 15 år.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

påfuglfasan
Polyplectron napoleonis
Artsdatabanken-ID
174511

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg