Nåleremitt er ein liten fugleart i kolibrifamilien og har naturleg utbreiing i Bolivia, Brasil og Peru.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Phaethornis philippii
Beskriven av
(Bourcier, 1847)

Vaksne hannar veg rundt 4,8 gram og hofuglane rundt 4 gram.

Arten er knytt til fuktig tropisk skog, plantasjar og tropisk sumpskog. Nåleremitt lever av nektar som han finn i skogen.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

nåleremitt
Phaethornis philippii
Artsdatabanken-ID
177142

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg