Mayasmaragd
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC 4.0

Mayasmaragd er ein fugl i kolibrifamilien og ein av dei minste fugleartane i verda. Arten har naturleg utbreiing i Mellom- og Nord-Amerika.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Chlorostilbon canivetii
Beskriven av
(Lesson, R, 1832)

Som vaksen veg fuglen rundt 2,8 gram.

Arten er knytt til jordbruksland, urbane område, tørr tropisk skog og tørr savanne. Mayasmaragd lever av nektar som han finn i buskar og i skogen.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen som oftast to egg som blir ruga ut i løpet av ca. 13 dagar. Ungane forlèt reiret om lag tre veker etter klekking.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

mayasmaragd
Chlorostilbon canivetii
Artsdatabanken-ID
177444

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg