Marailhokko
Av /via Encyclopedia of Life.

Marailhokko er ein middels stor hønsefugl i hokkofamilien og har naturleg utbreiing i Sør-Amerika.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Penelope marail
Beskriven av
(Statius Müller, PL, 1776)

Som vaksen er fuglen ca. 60 cm lang og veg rundt 880 gram.

Arten er knytt til fuktig tropisk skog. Marailhokko lever av frukt som han finn i buskar og i tre.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt tre egg som blir ruga ut i løpet av ca. 29 dagar.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

marailhokko
Penelope marail
Artsdatabanken-ID
174370

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg