Mandarinrikse
Av /via Encyclopedia of Life.

Mandarinrikse er ein liten tranefugl i riksefamilien og har naturleg utbreiing i Asia og Russland.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Coturnicops exquisitus
Beskriven av
(Swinhoe, 1873)

Vaksne hannar veg rundt 58 gram og hofuglane rundt 49 gram.

Arten er knytt til ulike våtmarkshabitat og dyrkbar mark. Mandarinrikse lever av frø og virvellause dyr (invertebratar) som han finn på bakken og i vassoverflata.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt åtte egg som blir ruga ut i løpet av ca. 17 dagar. Ungane forlèt reiret om lag fem veker etter klekking.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

mandarinrikse
Coturnicops exquisitus
Artsdatabanken-ID
175471

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg