Madagaskarhauk
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC SA 2.0

Madagaskarhauk er ein liten rovfugl i haukefamilien og finst på Madagaskar.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Accipiter madagascariensis
Beskriven av
Verreaux, J, 1833

Som vaksen er fuglen ca. 40 cm lang, hannfuglar veg rundt 160 gram og hofuglane rundt 210 gram.

Arten er knytt til tørr og fuktig tropisk skog, tropisk fjellskog og tørr tropisk buskmark. Madagaskarhauk er ein jegar som lever av små varmblodige dyr og virvellause dyr (invertebratar) som han fangar i skogen, i buskar og i tre.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt tre egg.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

madagaskarhauk
Accipiter madagascariensis
Artsdatabanken-ID
175338

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg