Kubahauk
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY SA 3.0

Kubahauk er ein middels stor rovfugl i haukefamilien og har naturleg utbreiing på Cuba.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Accipiter gundlachi
Beskriven av
Lawrence, 1861

Som vaksen er fuglen ca. 40 cm lang og veg rundt 680 gram.

Arten er knytt til tørr og fuktig tropisk skog, tropisk sumpskog, tropisk fjellskog og mangroveskog. Kubahauk lever av små varmblodige dyr som han fangar i skogen, i buskar og i tre.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt fire egg.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

kubahauk
Accipiter gundlachi
Artsdatabanken-ID
175346

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg