Foto av en bokside med dikt formet som Eiffeltårnet.
Av .

Konkret poesi er ei retning innan poesien der ein fokuserer på tekstens grafiske utsjånad. Dette kan til dømes skje ved at bokstavane er arrangerte slik at diktet formar ein figur. Slike dikt blir òg kalla figurdikt eller kalligram.

I konkret poesi kan skriftteikna vera reduserte til reint material for biletskapinga, slik at det ikkje er nokon tekst å lesa. Men det kan òg handla om tekstar som i større eller mindre grad er lesbare, og då gjerne slik at det er eit samband mellom det teksten seier med ord og det biletet han framstiller.

Historisk bakgrunn

Grafisk eksperimenterande lyrikk har eksistert sidan antikken. I barokken var det mange som laga figurdikt. Blant tidlege modernistar finn ein òg interesse for det grafiske. Stéphane Mallarmés «Un coup de dés jamais n'abolira le hasard» (Et terningkast kan aldri oppheve tilfeldigheten, 1897) er 16 sider med tekst spreidde tilsynelatande tilfeldig ut over boksidene. I dei første tiåra av 1900-talet skapa den kubistiske poeten Guillaume Apollinaire figurdikt.

Retninga konkret poesi (1950- og 1960-talet)

Den retninga innanfor internasjonal litteratur som ein kallar konkret poesi, oppstår på 1950-talet. I 1953 lanserte svenske Öyvind Fahlström sitt konkretistiske manifest, HÄTILA RAGULPR PÅ FÅTSKLIABEN. Internasjonalt er sveitsiske Eugen Gomringer det store namnet.

1960-talet blei den konkrete poesiens stordomstid, men i Noreg er omfanget lite. Den mest tydelege orienteringa mot konkret poesi finn ein hos Jan Erik Vold, særleg i debutsamlinga mellom speil og speil (1965). Her er Vold direkte inspirert av danske Per Højholt.

I samband med den konkrete poesien frå 1950- og 1960-talet er det vanleg å oppfatta dei grafiske eksperimenta som kritikk av den etablerte litteraturforståinga og dei etablerte samfunnsstrukturane.

Den andre bølga (etter 2000)

Etter millenieskiftet har ein fått ei ny bølge av konkret poesi. I Norden er denne anført av det svenske tidsskriftet OEI. I Noreg er det særleg Monica Aasprong som representerer denne nye konkrete poesien.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg