kjeldetilvising

Artikkelstart

Ei kjeldetilvising vert nytta i skriftleg tekst for å syne kvar ein har funne påstandar og opplysningar frå andre kjelder enn seg sjølv. Det finst mange ulike metodar for å markere kjeldetilvisingar, og desse metodane vert kalla referansestilar.

Faktaboks

Også kjent som

kildehenvisning, referanse

I tekstproduksjon er det vanleg å nytte kjelder for å byggje opp ein argumentasjon, for å syne til fakta eller for å kunne ta utgangspunkt i andre sine påstandar. I dei fleste høve vil god kjeldebruk kunne styrkje eigen tekst. Då kan ein til dømes bruke andre sine idear til samanlikning med sine eigne, eller ein kan underbyggje ein argumentasjon med statistikk eller andre faktaopplysningar. Dersom ein ikkje nyttar kjeldetilvising, vil ein slik bruk derimot verte rekna som plagiat, det vil seie at ein framstiller andre sin tekst som sin eigen.

Kjeldetilvising vert nytta både når ein set inn direkte sitat frå kjeldetekstar, altså nyttar andre sine ord ordrett slik dei vart sagde eller skrivne, og når ein parafraserer, det vil seie integrerer andre sine utsegner i eigen tekst. I begge tilfella skal kjeldetilvisinga fortelje lesaren kvar ein kan finne kjelda på ein nøyaktig og presis måte. Ein kjeldetekst kan vere ei førstehandskjelde, den originale litteraturen. Men kjeldeteksten kan òg vere sekundærlitteratur, der ein finn informasjon om ei førstehandskjelde.

Det er utarbeidd mange metodar og system for å syne til kjelder, såkalla referansestilar, som ein kan sjå på som malar. Dei ulike referansestilane er ofte knytte til ulike fagområde. Utdanningsinstitusjonar opplyser difor elevane og studentane sine om kva for ein referansestil dei ønskjer skal nyttast. Døme på mykje brukte referansestilar er American Psychological Association (APA), Chicago og Harvard. Felles for alle referansestilane er at dei har eit fast mønster for korleis ein skal referere inne i teksten, anten ved bruk av klammer eller fotnotar, og korleis ein skal setje opp ei litteraturliste.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg