Kjølnebband er ein stor andefugl i andefamilien og har naturleg utbreiing i Sør- og Mellom-Amerika.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Sarkidiornis sylvicola
- Beskriven av
- von Ihering, H & von Ihering, R, 1907
Som vaksen er fuglen ca. 70 cm lang og veg rundt 1,9 kilo.
Arten er knytt til jordbruksland, vatna landområde, overfløymd tropisk grasmark og ulike våtmarkshabitat.
Hekking skjer éin gong i året, og i løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt ti egg som blir ruga ut i løpet av ca. 29 dagar. Ungane forlèt reiret om lag ti veker etter klekking.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.