Kappsukkerfugl
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC 4.0

Kappsukkerfugl er ein middels stor sporvefugl i sukkerfuglfamilien og har naturleg utbreiing i Sør-Afrika.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Promerops cafer
Beskriven av
(Carl von Linné, 1758)

Vaksne hannar veg rundt 38 gram og hofuglane rundt 32 gram.

Arten er knytt til temperert buskmark, hagar og urbane område. Kappsukkerfugl lever av nektar og virvellause dyr (invertebratar) som han finn i skogen og i lufta.

Hekking skjer to gongar i året, og i løpet av kvar hekkeperiode legg hofuglen som oftast to egg som blir ruga ut i løpet av ca. 17 dagar. Ungane forlèt reiret om lag tre veker etter klekking.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

kappsukkerfugl
Promerops cafer
Artsdatabanken-ID
183715

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg