Kūčiukai

Kūčiukai - høyrer med i det litauiske julemåltidet.

Kūčiukai
Lisens: CC BY SA 3.0

Kūčiukai er ein tradisjonell, litauisk julebakst. Kūčiukai-kjeksa blir laga av deig (både med og utan deig) og valmuefrø.

Faktaboks

Uttale

kutsjukai

Kjeksa er vanlegvis harde og sprø, men det finst også mjuke variantar. Dei kan anten etast som dei er, eller kan ein helle såkalla valmuemjølk over slik at det blir ei slags suppe. Valmuemjølka (på litauisk heiter den aguonpienis) lager ein ved å la valmuefrø stå i vatn natta over. Kūčiukai kan også etast saman med tranebær-kisel. Kisel er ein gelé-liknande velling av bær, frukt eller mjølk tilsett stivelse.

Kūčiukai inngår som ein av dei tolv tradisjonelle rettane som står på bordet under julemåltidet i Litauen. Mange bakar dei sjølve, men kvart år i desember blir det seld rundt 150 tonn med kūčiukai i butikkane i Litauen. Fullkorns- og økologiske variantar har blitt meir og meir populære.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg