Kårdeeremitt
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY SA 3.0

Kårdeeremitt er ein liten fugleart i kolibrifamilien og har naturleg utbreiing i Sør- og Mellom-Amerika.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Phaethornis yaruqui
Beskriven av
(Bourcier, 1851)

Vaksne hannar veg rundt seks gram og hofuglane rundt fem gram.

Arten er knytt til fuktig tropisk skog, plantasjar, tropisk fjellskog og fuktig tropisk buskmark. Kårdeeremitt lever av nektar som han finn i skogen.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen som oftast to egg.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

kårdeeremitt
Phaethornis yaruqui
Artsdatabanken-ID
177138

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg