Jungelhokko
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC SA 2.0

Jungelhokko er ein stor hønsefugl i hokkofamilien og har naturleg utbreiing i Sør-Amerika.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Penelope jacquacu
Beskriven av
von Spix, 1825

Som vaksen er fuglen ca. 70 cm lang og veg rundt 1,5 kilo.

Arten er knytt til fuktig tropisk skog, sterkt endra tropisk skog, tropisk sumpskog og tropisk fjellskog. Jungelhokko lever av frukt som han finn i buskar og i tre.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen som oftast to egg.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

jungelhokko
Penelope jacquacu
Artsdatabanken-ID
174373

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg