Japandverghegre
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY SA 3.0

Japandverghegre er ein fugleart i hegrefamilien og har naturleg utbreiing i Aust-Asia og Søraust-Asia.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Gorsachius goisagi
Beskriven av
(Temminck, 1836)

Som vaksen er fuglen ca. 50 cm lang og veg rundt 530 gram.

Arten er knytt til temperert skog, fuktig og tørr tropisk skog, tropisk fjellskog, dyrkbar mark og myr. Japandverghegre lever av virvellause dyr (invertebratar) som han fangar i vassoverflata og på bakken.

Hekking skjer to gongar i året, og i løpet av kvar hekkeperiode legg hofuglen rundt fire egg som blir ruga ut i løpet av ca. 18 dagar. Ungane forlèt reiret om lag fem veker etter klekking.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

japandverghegre
Gorsachius goisagi
Artsdatabanken-ID
175088

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg