Ildkronekolibri
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC 4.0

Ildkronekolibri er ein liten fugleart i kolibrifamilien og har naturleg utbreiing i Argentina og Chile.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Sephanoides sephaniodes
Beskriven av
(Lesson, R & Garnot, 1827)

Vaksne hannar veg rundt seks gram og hofuglane rundt 4,7 gram.

Arten er knytt til ulike habitat, mellom anna temperert skog, jordbruksland, urbane område, tropisk fjellskog og temperert buskmark. Ildkronekolibri lever av nektar som han finn i skogen og i buskar.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen som oftast to egg.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

ildkronekolibri
Sephanoides sephaniodes
Artsdatabanken-ID
177216

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg