Gullkappemanakin er ein middels stor sporvefugl i manakinfamilien og har naturleg utbreiing i Costa Rica og Panama.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Manacus aurantiacus
- Beskriven av
- (Salvin, 1870)
Som vaksen veg fuglen rundt 18 gram.
Arten er knytt til fuktig tropisk skog, fuktig tropisk buskmark og plantasjar. Gullkappemanakin lever av frukt som han finn i skogen og i buskar.
Hekking skjer tre gongar i året, og i løpet av kvar hekkeperiode legg hofuglen som oftast to egg som blir ruga ut i løpet av ca. 18 dagar. Ungane forlèt reiret om lag to veker etter klekking.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.