Gråstrupeskjeggfugl
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC 4.0

Gråstrupeskjeggfugl er ein middels stor spettefugl i afrikaskjeggfuglfamilien og har naturleg utbreiing i Sentral- og Vest-Afrika.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Gymnobucco bonapartei
Beskriven av
Hartlaub, 1854

Som vaksen er fuglen ca. 18 cm lang og veg rundt 63 gram.

Arten er knytt til fuktig tropisk skog, tropisk fjellskog og jordbruksland. Gråstrupeskjeggfugl lever av frukt og virvellause dyr (invertebratar) som han finn i skogen og i buskar.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt fire egg. Reira blir bygd i hôlrom.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

gråstrupeskjeggfugl
Gymnobucco bonapartei
Artsdatabanken-ID
178014

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg