Glødetap er eit vanleg mål på innhaldet av brennbart stoff i ei prøve. I jord gjev det eit mål på moldinnhaldet, der høgre glødetap tyder på meir organisk jord.

Faktaboks

Også kjend som

LOI, etter engelsk Loss On Ignition

Glødetap er den vanlegaste måten å fastslå moldinnhaldet i norsk jord, og vert nytta av di han gjev eit sikkert svar på ein relativt enkel og billeg måte.

Framgangsmåte

For å fastslå glødetap i jord vert jorda fyrst sikta gjennom ei sikt med åpningshol på 2 mm, og sidan turka til 105 °C. Etterpå vert jorda brend i ein glødeomn på 550 °C i minst tre timar. Turkinga fjernar vatn, medan brenninga svir vekk organiske materiale.

I jord med mykje leire kan det vera naudsynt å korrigera for leirinnhaldet. Leire bind vatn so sterkt at noko av vatnet ikkje fordampar ved 105 °C. Dette fordampar når prøva vert brend, og eit ukorrigert glødetap vil innehalda både fordampa vatn og brend organisk materiale, og difor gjeva eit for høgt moldinnhald.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg