Gat er eit norsk arveord som betyr 'hol' eller 'opning'.

Faktaboks

Etymologi
av norrønt gat ‘hol, opning’
Også kjend som
gat (Telemark), gate (Setesdal)

I norske dialektar er ordet brukt om ulike slags hol, til dømes knapphol i Telemark og Setesdal.

Ordet heng nært saman med lågtysk/nederlandsk gat, som i norsk kan vere lånt inn i ord som spygatt, og det er også opphav til stadnamnet Kattegat. Det kan vere vanskeleg å skilje mellom arveordet gat og lånordet gat/gatt, men ein kan rekne med at maritime uttrykk som spygatt og kabelgatt, og dessutan gatt om endetarmsopninga på fisk, kjem frå lågtysk eller nederlandsk.

Ordet har også samanheng med gate (veg).

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg