Fynboshauk er ein middels stor rovfugl i haukefamilien og har naturleg utbreiing i Lesotho, Namibia og Sør-Afrika.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Circus maurus
- Beskriven av
- (Temminck, 1828)
Som vaksen er fuglen ca. 50 cm lang og veg rundt 530 gram.
Arten er knytt til dyrkbar mark, temperert buskmark, tørr tropisk buskmark, temperert grasmark og tørr tropisk grasmark. Fynboshauk lever av små varmblodige dyr som han fangar på bakken.
I løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt fire egg som blir ruga ut i løpet av ca. 35 dagar.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.