Flekktinamu
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY SA 3.0

Flekktinamu er ein fugleart i tinamufamilien og har naturleg utbreiing i Sør-Amerika.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Nothura maculosa

Som vaksen veg fuglen rundt 250 gram.

Arten er knytt til jordbruksland, tørr savanne, tørr tropisk buskmark, temperert grasmark og tørr tropisk grasmark. Flekktinamu lever i hovudsak av virvellause dyr (invertebratar), frukt og frø som han finn på bakken.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt seks egg som blir ruga ut i løpet av ca. 17 dagar. Ungane forlèt reiret om lag fire veker etter klekking og blir kjønnsmodne i løpet av åtte veker.

Flekktinamu lever vanlegvis i rundt fire år.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

flekktinamu
Nothura maculosa
Artsdatabanken-ID
174163

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg