Flekknebbtukan
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY SA 3.0

Flekknebbtukan er ein stor spettefugl i tukanfamilien og har naturleg utbreiing i Sør-Amerika.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Selenidera maculirostris
Beskriven av
(Lichtenstein, MHK, 1823)

Som vaksen er fuglen ca. 30 cm lang og veg rundt 160 gram.

Arten er knytt til fuktig og tørr tropisk skog, og tropisk fjellskog. Flekknebbtukan lever av frukt som han finn i buskar og i tre.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt tre egg. Reira blir bygd i hôlrom.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

flekknebbtukan
Selenidera maculirostris
Artsdatabanken-ID
178151

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg