Fijibrillefugl er ein liten sporvefugl i brillefuglfamilien og har naturleg utbreiing i Fiji.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Zosterops explorator
- Beskriven av
- Layard, EL, 1875
Som vaksen veg fuglen rundt ti gram.
Arten er knytt til fuktig tropisk skog, tropisk fjellskog og fuktig tropisk buskmark. Fijibrillefugl lever av virvellause dyr (invertebratar) som han fangar i skogen og i buskar.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.