Fasanbladhøne er ein middels stor vadefugl i bladhønsfamilien og har naturleg utbreiing i Asia og Midtausten.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Hydrophasianus chirurgus
- Beskriven av
- (Scopoli, 1786)
Vaksne hannar veg rundt 130 gram og hofuglane rundt 210 gram.
Arten er knytt til myr, innsjøar med ferskvatn, og vatn og tjern. Fasanbladhøne lever av virvellause dyr (invertebratar) og frø som han finn i vassoverflata og på bakken.
Hekking skjer to gongar i året, og i løpet av kvar hekkeperiode legg hofuglen rundt fire egg som blir ruga ut i løpet av ca. 26 dagar.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.