Etiopiarikse
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC 3.0

Etiopiarikse er ein middels stor tranefugl i riksefamilien og har naturleg utbreiing i Eritrea og Etiopia.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Rougetius rougetii
Beskriven av
(Guérin-Méneville, 1843)

Vaksne hannar veg rundt 220 gram og hofuglane rundt 170 gram.

Arten er knytt til ulike våtmarkshabitat, beitelandskap, høgtliggjande tropisk buskmark og høgtliggjande tropisk grasmark. Etiopiarikse lever av virvellause dyr (invertebratar) og frø som han finn i vassoverflata og på bakken.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt fem egg.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

etiopiarikse
Rougetius rougetii
Artsdatabanken-ID
175519

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg