Elvehokko
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC 4.0

Elvehokko er ein stor hønsefugl i hokkofamilien og har naturleg utbreiing i Sør-Amerika.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Mitu tomentosum
Beskriven av
(von Spix, 1825)

Som vaksen er fuglen ca. 80 cm lang, hannfuglar veg rundt 2,4 kilo og hofuglane rundt to kilo.

Arten er knytt til fuktig tropisk skog. Elvehokko er ein planteetar som lever av frukt og frø som han finn på bakken.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen som oftast to egg. Fuglene blir kjønnsmodne etter to til tre år.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

elvehokko
Mitu tomentosum
Artsdatabanken-ID
174398

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg