Ecuadorkolibri
Av /via Encyclopedia of Life.

Ecuadorkolibri er ein fugl i kolibrifamilien og ein av dei minste fugleartane i verda. Arten har naturleg utbreiing i Colombia, Ecuador og Peru.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Phlogophilus hemileucurus
Beskriven av
Gould, 1860

Vaksne hannar veg rundt 2,3 gram og hofuglane rundt 2,8 gram.

Arten er knytt til fuktig tropisk skog, tropisk fjellskog og sterkt endra tropisk skog. Ecuadorkolibri lever av nektar som han finn i buskar.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen som oftast to egg.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

ecuadorkolibri
Phlogophilus hemileucurus
Artsdatabanken-ID
177236

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg