Dråpesporehøne
Av /Gould, John, 804-88; Sharpe, Richard Bowdler, 847-909: Birds of Asia., Volume 6, London, [2].

Dråpesporehøne er ein liten hønsefugl i fasanfamilien og finst på Sri Lanka.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Galloperdix bicalcarata
Beskriven av
(Forster, JR, 1781)

Som vaksen er fuglen ca. 30 cm lang, hannfuglar veg rundt 340 gram og hofuglane rundt 260 gram.

Arten er knytt til fuktig tropisk skog og tropisk fjellskog. Dråpesporehøne lever i hovudsak av frukt, virvellause dyr (invertebratar) og frø som han finn på bakken.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen som oftast to egg.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

dråpesporehøne
Galloperdix bicalcarata
Artsdatabanken-ID
174509

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg