Buskvaktel
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY SA 3.0

Buskvaktel er ein fugl i fasanfamilien og ein av dei minste hønsefuglane i verda. Arten har naturleg utbreiing i India og på Sri Lanka.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Perdicula asiatica
Beskriven av
(Latham, 1790)

Som vaksen er fuglen ca. 17 cm lang og veg rundt 70 gram.

Arten er knytt til fuktig tropisk skog, tørr tropisk buskmark og tørr tropisk grasmark. Buskvaktel lever av frø som han finn på bakken.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt seks egg som blir ruga ut i løpet av ca. 17 dagar.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

buskvaktel
Perdicula asiatica
Artsdatabanken-ID
174545

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg