Brunfossekall
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY SA 3.0

Brunfossekall er ein stor sporvefugl i fossekallfamilien og har naturleg utbreiing i Asia og Russland.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Cinclus pallasii
Beskriven av
Temminck, 1820

Vaksne hannar veg rundt 88 gram og hofuglane rundt 74 gram.

Arten er knytt til elvar og bekker og lever av virvellause dyr (invertebratar) som han fangar under vatn og i vassoverflata.

Hekking skjer to gongar i året, og i løpet av kvar hekkeperiode legg hofuglen rundt fem egg som blir ruga ut i løpet av ca. 16 dagar. Reira blir bygd i hôlrom. Ungane forlèt reiret om lag tre veker etter klekking.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

brunfossekall
Cinclus pallasii
Artsdatabanken-ID
182567

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg