Bre-erosjon er utgraving av landskapet gjennom at isbrear rører på seg.

Faktaboks

Også kjend som

iserosjon

Breane sig langsamt framover den vegen isoverflata skrånar. På undersida av tempererte brear finst der bergartsfragment av ulik storleik. Her blir underlaget slipt glatt av stein og grus. Dette dannar såkalla skuringsstriper i fjellet.

Erosjonsprosessen skjer gjennom abrasjon (skraping) og plukking. Temperaturen i botnen av dei «tempererte» breane ligg alltid omkring smeltepunktet. Smeltepunktet er avhengig av trykket, som varierer noko når isen flyttar på seg over eit ujamt underlag. Dimed vil det stundom finnast både is og vatn i botnen av breen, og stundom berre is. Når smeltevatn trengjer inn i sprekker i underlaget og frys, sprengjer det fjellet i stykke (frostsprenging). Massive, harde og seige bergartar klarer seg betre enn sprokne berg, der stykke for stykke vil forsvinna.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg