Blåryggmanakin er ein middels stor sporvefugl i manakinfamilien og har naturleg utbreiing i Sør-Amerika og Karibia.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Chiroxiphia pareola
- Beskriven av
- (Carl von Linné, 1766)
Som vaksen veg fuglen rundt 17 gram.
Arten er knytt til fuktig og tørr tropisk skog. Blåryggmanakin lever av virvellause dyr (invertebratar) og frukt som han finn i skogen og i buskar.
I løpet av hekkeperioden legg hofuglen som oftast to egg.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.