Blåbrillemalkoha er ein fugleart i gaukfamilien og har naturleg utbreiing i India og på Sri Lanka.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Phaenicophaeus viridirostris
- Beskriven av
- (Jerdon, 1840)
Som vaksen veg fuglen rundt 67 gram.
Arten er knytt til fuktig tropisk skog, og tørr og fuktig tropisk buskmark. Blåbrillemalkoha er ein jegar som lever av virvellause dyr (invertebratar) og vekselvarme virveldyr som han fangar i skogen og i buskar.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.