benkpress
Utgangsposisjonen i benkpress: Løftaren held stonga med strake armar over brystet.
benkpress
Av .
Benkpress
Frå utgangsposisjonen senkar styrkeløftaren vektstonga ned til brystet, stansar, og pressar ho så opp igjen til utgangsposisjonen.
Benkpress
Av .

Benkpress er ei øving i kraftidretten styrkeløft. Målet er å løfte ei stong med vektskiver frå brystet og opp i ein posisjon med strake armar.

I benkpress ligg utøvaren på ein benk med ryggen ned og føtene i golvet. Etter signal frå dommaren skal han senke stonga ned til brystet, der han skal gjere ein markert stopp. Løftaren får så eit signal frå dommaren og kan presse stonga tilbake til utgangsposisjonen med strake armar.

I styrkeløft har utøvarane tre forsøk, der eitt av løfta må vere godkjent for å få ein totalsum i konkurransen samanlagt. Det er tre dommarar som dømmer, og minst to av desse må godkjenne løftet for at utøvaren skal få det godkjent. Deltakaren som løftar den tyngste vekta vinn konkurransen.

Dei andre øvingane i styrkeløft er markløft og knebøy.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg