Bektrost
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY SA 3.0

Bektrost er ein stor sporvefugl i trostefamilien og har naturleg utbreiing i Sør-Amerika.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Turdus serranus
Beskriven av
Tschudi, 1844

Som vaksen er fuglen ca. 24 cm lang og veg rundt 85 gram.

Arten er knytt til tropisk fjellskog. Bektrost lever av frukt som han finn i buskar og i tre.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen som oftast to egg.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

bektrost
Turdus serranus
Artsdatabanken-ID
184218

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg