Båthaletrupial
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY 4.0

Båthaletrupial er ein stor sporvefugl i trupialfamilien og har naturleg utbreiing i USA.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Quiscalus major
Beskriven av
Vieillot, 1819

Vaksne hannar veg rundt 210 gram og hofuglane rundt 110 gram.

Arten er knytt til brakkvass-/saltvasslagunar og ulike våtmarkshabitat. Båthaletrupial lever i hovudsak av virvellause dyr (invertebratar), frø og små varmblodige dyr som han finn på bakken.

Hekking skjer to gongar i året, og i løpet av kvar hekkeperiode legg hofuglen rundt tre egg som blir ruga ut i løpet av ca. 13 dagar. Ungane forlèt reiret om lag tre veker etter klekking.

Båthaletrupial lever vanlegvis i rundt 13 år.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

båthaletrupial
Quiscalus major
Artsdatabanken-ID
185718

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg