Australtrappe
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC SA 2.0

Australtrappe er ein stor fugleart i trappefamilien og har naturleg utbreiing i Oseania og Søraust-Asia.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Ardeotis australis
Beskriven av
(Gray, JE, 1829)

Vaksne hannar veg rundt 5,8 kilo og hofuglane rundt tre kilo.

Arten er knytt til tørr savanne, tørr tropisk buskmark, tørr tropisk grasmark, beitelandskap og myr. Australtrappe lever i hovudsak av plantedelar, virvellause dyr (invertebratar) og frø som han finn på bakken.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen som oftast to egg som blir ruga ut i løpet av ca. 24 dagar. Fuglene blir kjønnsmodne etter fem til seks år.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

australtrappe
Ardeotis australis
Artsdatabanken-ID
175434

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg