Australsivhøne
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY SA 2.0

Australsivhøne er ein middels stor tranefugl i riksefamilien og har naturleg utbreiing i Oseania og Asia.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Gallinula tenebrosa
Beskriven av
Gould, 1846

Vaksne hannar veg rundt 570 gram og hofuglane rundt 490 gram.

Arten er knytt til kystnære ferskvassinnsjøar, hagar, ulike menneskeskapte akvatiske habitat og ulike våtmarkshabitat. Australsivhøne lever av plantedelar og virvellause dyr (invertebratar) som han finn på bakken og i vassoverflata.

Hekking skjer to gongar i året, og i løpet av kvar hekkeperiode legg hofuglen rundt ni egg som blir ruga ut i løpet av ca. 22 dagar.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

australsivhøne
Gallinula tenebrosa
Artsdatabanken-ID
175615

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg