Andestukan er ein stor spettefugl i tukanfamilien og har naturleg utbreiing i Colombia, Ecuador og Venezuela.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Aulacorhynchus albivitta
Beskriven av
(Boissonneau, 1840)

Som vaksen er fuglen ca. 30 cm lang og veg rundt 180 gram.

Arten er knytt til tropisk fjellskog, jordbruksland, fuktig tropisk skog, fuktig og høgtliggjande tropisk buskmark, og ulike våtmarkshabitat.

Hekking skjer to gongar i året, og i løpet av kvar hekkeperiode legg hofuglen rundt tre egg som blir ruga ut i løpet av ca. 16 dagar. Ungane forlèt reiret om lag seks veker etter klekking.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

andestukan
Aulacorhynchus albivitta
Artsdatabanken-ID
178116

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg