Amensalisme er eit forhold mellom organismar av to ulike artar, der den eine arten påverkas negativt, medan den andre ikkje vert påverka.

Den vanlegaste forma for amensalisme oppstår når konkurransen mellom to artar er så skeiv at den eine utkonkurrerer den andre utan sjølv å verta påverka av den andre arten. Hjå ein del plantar, som til dømes einstape, skjer dette ved at planten skil ut stoff som hindrar andre plantar i å spira og utvikla seg (allelopati).

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg