Alagoashokko
Av /via Encyclopedia of Life.

Alagoashokko er ein stor hønsefugl i hokkofamilien og hadde naturleg utbreiing i Brasil, men er i dag rekna for å vere utrydda i vill tilstand.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Mitu mitu
Beskriven av
(Carl von Linné, 1766)

Som vaksen er fuglen ca. 80 cm lang, hannfuglar veg rundt 3,4 kilo og hofuglane rundt 2,7 kilo.

Arten er knytt til fuktig tropisk skog. Alagoashokko lever av frukt som han finn på bakken.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen som oftast to egg som blir ruga ut i løpet av ca. 30 dagar.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

alagoashokko
Mitu mitu
Artsdatabanken-ID
174401

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg