Akrobatbylbyl
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY 2.0

Akrobatbylbyl er ein middels stor sporvefugl i bylbylfamilien og har naturleg utbreiing i Afrika sør for Sahara.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Phyllastrephus flavostriatus
Beskriven av
(Sharpe, 1876)

Vaksne hannar veg rundt 32 gram og hofuglane rundt 27 gram.

Arten er knytt til tropisk fjellskog, fuktig tropisk skog, og fuktig og høgtliggjande tropisk buskmark. Akrobatbylbyl lever av virvellause dyr (invertebratar) som han fangar i buskar og i skogen.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen som oftast to egg.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

akrobatbylbyl
Phyllastrephus flavostriatus
Artsdatabanken-ID
182634

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg