Afrikasivhauk
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY SA 3.0

Afrikasivhauk er ein middels stor rovfugl i haukefamilien og har naturleg utbreiing i Afrika sør for Sahara.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Circus ranivorus
Beskriven av
(Daudin, 1800)

Som vaksen er fuglen ca. 50 cm lang og veg rundt 520 gram.

Arten er knytt til ulike våtmarkshabitat, dyrkbar mark og tørr tropisk grasmark. Afrikasivhauk er ein jegar som lever av små varmblodige dyr og vekselvarme virveldyr som han fangar på bakken og i skogen.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt fire egg som blir ruga ut i løpet av ca. 34 dagar. Ungane forlèt reiret om lag seks veker etter klekking.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

afrikasivhauk
Circus ranivorus
Artsdatabanken-ID
175294

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg