Afrikabladhøne er ein middels stor vadefugl i bladhønsfamilien og har naturleg utbreiing i Afrika sør for Sahara.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Actophilornis africanus
- Beskriven av
- (Johann Friedrich Gmelin, 1789)
Vaksne hannar veg rundt 140 gram og hofuglane rundt 260 gram.
Arten er knytt til marine kysthabitat, beitelandskap, ulike menneskeskapte akvatiske habitat, overfløymd tropisk grasmark og ulike våtmarkshabitat. Afrikabladhøne lever av virvellause dyr (invertebratar) som han fangar i vassoverflata og på bakken.
I løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt fire egg som blir ruga ut i løpet av ca. 22 dagar.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.