Uavhengige grekarar - ANEL

Uavhengige grekarar (forkorta ANEL) er eit gresk politisk parti som blei skipa 24. februar 2012 av Panos Kammenos, tidlegare parlamentsmedlem for Nytt demokrati. Det er rekna som eit konservativt og høgrepopulistisk parti. ANEL har også markert seg som sterkt innvandrarfiendtleg. Partiets hovudsak har sidan skipinga vore motstand mot låneavtalane med EU, Det internasjonale pengefondet (IMF) og Den europeiske sentralbanken.

Faktaboks

Også kjent som

gresk Ανεξάρτητοι Έλληνες (Anexartitoi Ellines)

ANEL

ANEL deltok for første gong i parlamentsvalet i mai 2012 og vant 10,6 prosent av røystene og 33 medlemmer i parlamentet. Dette talet blei kraftig justert ved nyvalet i juni same år, der partiet endte med 7,5 prosent av røystene og 20 parlamentsmedlemmer.

I det ekstraordinære parlamentsvalet 25. januar 2015 fekk partiet 4,8 prosent av røystene og 13 parlamentsmedlemmer. Frå januar 2015 var partiet med i ei koalisjonsregjering med det venstreradikale partiet SYRIZA.

I januar 2019 valte ANEL å trekke seg frå regjeringssamarbeidet grunna stor usemje rundt regjeringa si Makedonia-politikk og avtalen mellom statsministrane i Hellas og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia, no Nord-Makedonia. Avtalen avslutta den årelange namnestrida mellom dei to landa.

Partiet valte å ikkje stille til val i juni 2019.

Ved valet til Europaparlamentet i mai 2014 vant ANEL eitt sete i parlamentet. Dei mista dette setet ved Europavalet i mai 2019.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg