Uavhengige grekarar (ANEL), gr. Ανεξάρτητοι Έλληνες (Anexartitoi Ellines); gresk politisk parti. Skipa den 24. februar 2012 av Panos Kammenos, tidlegare parlamentsmedlem for Nytt demokrati

Uavhengige grekarar er rekna som eit konservativt og høgrepopulistisk parti. ANEL har også markert seg som sterkt innvandrarfiendtleg. Partiets hovudsak har sidan skipinga vore motstand mot låneavtalane med EU, Det internasjonale pengefondet (IMF) og Den europeiske sentralbanken

ANEL deltok for første gong i parlamentsvalet i mai 2012 og vant 10,6 prosent av røystene og 33 medlemmer i parlamentet. Dette talet blei kraftig justert ved nyvalet i juni same år der partiet endte med 7,5 prosent av røystene og 20 parlamentsmedlemmer. 

I det ekstraordinære parlamentsvalet 25. januar 2015 fekk partiet 4,8 prosent av røystene og 13 parlamentsmedlemmer.

Har sidan parlamentsvalet i januar 2015 vore i koalisjonsregjering med det venstreradikale partiet SYRIZA.

Ved valet til Europaparlamentet i mai 2014 vant ANEL eitt sete i parlamentet.

Foreslå endringer i tekst

Foreslå bilder til artikkelen

Kommentarer

Har du spørsmål om artikkelen? Skriv her, så får du svar fra fagansvarlig eller redaktør.

Du må være logget inn for å kommentere.